Eplekake på fat

Den store epledagen

Me feirar epledagen 25. september!

Det fins jo ikkje noko betre enn norske, saftige, sprø og syrlige epler. Men, epler smakar ikkje berre godt, dei er også proppfulle av fiber og andre viktige mineralar. Det er ikkje berre smaken som gir eplet eit så bra omdøme. Det er ikkje mange matvarer som smakar så godt og er så sunne. Epler har låg glykemisk indeks, som betyr at frukta inneheld langsame karbohydrater. Dette påverkar blodsukkeret i gunstig retning, noko som har ei god rekke helsemessige effektar.

OBS

Dei fleste har vel høyrd om epleslang, og kanskje våre på det også? Visste du at om ein blir tatt i epleslang, så kan ein få ei saftig bot? Då er nok det beste å gjere slik som oss, å kjøpe epla på butikken.

«An apple a day keeps the doctor away»

Dei fleste har nok høyrd dette ordtaket, og dette er basert på den folkemedisinske tradisjonen om at epler fremmer fordøyelsen og hindrar forstoppelse. Dette er behørig dokumentert i moderne medisin, men for å oppnå denne effekten bør epler etast på tom mage, så sant som det er mogleg, med skalet på. To tredjedelar av alt fiber og verdifulle antioksidantar fins nemleg mellom skalet og frukta.

Tips & triks

Me hyllar eplet, og meinar at alle burde ha eit eple med seg i nisteboksen. Det fins også lure tips for å halde eplet friskt, eller for å gjere det meir attraktivt for både born og eldre.

  • Legg eplebitene i sitronvatn, då holder dei seg friske.
  • Kutt opp eplene til borna dine.
  • Epledipp? Bruk vaniljeyoghurt og ein god dose kanel.
  • Et eit eple etter maten, det rensar tennene og gir deg frisk pust.
  • Epler er godt i salaten.
  • Epler kan fungere som ansiktsvatn, det frisker opp og gir huda ein flott glød.
  • Eplesyltetøy til skive, knekkebrød eller som topping på havregraut.
Eplesyltetøy i glass og hele epler foran glasset

Då er det berre å handle inn epler, lage syltetøy, snacks og ansiktsmaske folkens!

Happy epledag!

Kilde: www.frukt.no