toppbilde

Malin Teigland

Utdanning:

  • Personlig trener (Akademiet for personlig trening – AFPT)
  • Kostholdsveileder og Coach. (Akademiet for personlig trening – AFPT)

Som personleg trenar ønsker eg å hjelpe andre med å få gode rutiner, både med trening og kosthold, og eg har lyst å kunne hjelpe andre med å nå målene sine.

Mål kan vere alt fra å ha kvardagar med mindre smerter, ønske om vektjustering, mål om ein sterkare kropp eller andre endringar som du drømmer om.

Tidspress og travle dagar kan gjere trening ekstra utfordrande å få til, men med gode rutiner og planlegging blir det lettare. Dette kan eg som personlig trenar hjelpe deg med, både med tilrettelagte treningsøkter og varierte treningsøkter.  Det å ha ein avtale med personlig trenar vil gjere det lettare for deg å komme over dørstokken og gjennomføre planen som me lagar saman. Eg er opptatt av at planen me lagar til deg skal vera tilrettelagt til din kvardag og dine behov. Treningen skal bli ein avkobling for deg, noko som gjer godt både psykisk og fysisk.

Fysisk aktivitet er for alle, uansett utgangspunkt. Det er godt for helsa på så mange måtar, og gjer deg ein godfølelse som eg vil alle skal få oppleva.

Eg vil gjere trening trygt for deg, og motivere deg heile veien!