Trening for gravide – kurs oktober 2021

TREN SAMAN MED OSS I GRAVIDITETEN
Styrk kroppen før fødsel saman med vår PT og jordmor, Renathe!

(Du treng ikkje vere medlem for å delta)

Trening i svangerskapet gir kroppen forutsetninger for å tåle den påkjenninga det er å bære frem eit barn. Trening gjennom svangerskapet vil gi deg meir overskudd, bedre helse, og gjere deg meir rusta til fødselen og tida etterpå.

I svangerskapet skjer det store endringar i kroppen og ofte vil ein ha behov for å tilpasse treninga underveis i forløpet. Det er også viktig at øvelsene utføres riktig. Derfor er det fint å trene i mindre grupper, med Personleg Trenar som også er jordmor, slik at treninga kan tilpasses den enkelte.

  • Treninga passar for alle
  • Me trener heile kroppen
  • Gir overskudd og energi
  • Øvelser tilpassa deg og din graviditet

Oppstart: Mandag 25.oktober kl.16.30
Kurset går over 5 veker med 2 økter pr.veke

Tidspunkt: mandagar kl.1630-1730 og onsdagar kl.1600-1700

Instruktør: PT og jordmor Renathe Tangen

Pris: 1200kr (10 treninger. Samme pris for medlemmar og ikkje-medlemmar)

Påmelding: siren@nr1fitness.no
Begrensa antall plassar, send din epost og meld deg på no!