Viktig beskjed til kunder ved Nr1 Fitness Skien

Viktig beskjed til alle medlem ved Mosjonsgutane

Mosjonsgutane blir Nr1 Fitness Voss

Vi har gleda av å meddele at treningssenterkjeda Nr1 Fitness tar over drifta og eigarskapet av Mosjonsgutane frå 1. juni 2022. Det nye navnet på senteret vil bli Nr1 Fitness Voss, og vil bli drifta av vossingen Rønnaug Nedkvitne. 

Vi, Nr1 Fitness, er utruleg glade for å overta drifta av Mosjonsgutane. Mosjonsgutane har vore eit lokalt senter som har vore dreve av Ståle Østerbø, Knut Eikefjord og Trond Korsrud dei siste 18 åra. Gutane vil du fortsatt sjå på trening på senteret i tida framover.

 

Kva vil dette medføre for deg som medlem?

Din medlemsavtale/kontrakt vil fortsatt vera gjeldande og løpe som vanleg med dei betingelser du har signert på. Senteret vil både driftast og bli holdt opent som normalt frå og med overtakelsesdato. Du som medlem vil no få eit endå betre treningstilbod, og frå og med overtakelsestidspunktet vil du kunne trene på samtlige Nr1 Fitness sentre i landet, inkludert senteret i Vangsgata 36. Sjå nr1fitness.no/finn-treningssenter for oversikt over alle våre sentre. Mosjonsgutane og Nr1 Fitness benytter seg av ulike medlems- og dørsystem, og inntil vi har fått Mosjonsgutane over på same system som Nr1 Fitness, vil du kun kunne trene på våre betjente Nr1 Fitness sentre i bemannet åpningstid. Husk å ta med ditt medlemskort for framvisning i resepsjonen.

 

Oppgradering av senteret 

Gjennom sommaren vil vi jobbe med å sikre vossingane eit så bra treningstilbod som overhovudet mogleg. I tillegg til at du som medlem no får tilgang til to sentre for same pris, vil vi også oppgradere store delar av senteret. Senteret vil få inn ein del nytt utstyr og få eit ansiktsløft i form av nye fargar og profilering.

 

Pris

Nr1 Fitness ynskjer å levere god kvalitet til ein vennleg pris. Vi vil bruke sommeren på å samkjøre priser og betingelser for dei to sentra, og vil informere dykk om eventuelle endringar fortløpande. Har du allereie ein lågare pris enn kva Nr1 Fitness tilbyr, vil du fortsette med denne prisen ut din avtaletid.

 

Kven er Nr1 Fitness?

Nr1 Fitness er opprinnleg ein vestlandsbasert treningssenterkjede som no har blitt ei av landets største treningssenterkjede med 39 sentre i Norge. Nr1 Fitness har i tillegg 4 sentre i Budapest og 1 i Bucaresti, som du som fullskala medlem kan benytte deg av. 

Vår visjon er å skapa Norges trivelegaste treningssentre. Vi har difor stort fokus på å skapa eit godt miljø blant våre medlem og ansatte. For oss er det svært viktig at du som medlem tykkjer det er triveleg og motiverande å koma til oss. 

Vår misjon er «Vi bryr oss», og vi ynskjer at du skal lykkast med dine målsetninger. For oss er det difor viktig at vi er ein god støttespelar der vi kan bidra med kunnskap og inspirasjon slik at du lykkast med dine treningsvanar.

 

Vi ynskjer dine innspel for å at senteret skal bli endå betre

Vi ynskjer at du som medlem skal trivast hos oss. Vi treng difor din tilbakemelding på korleis vi kan bli eit endå betre senter i framtida. Del gjerne dine tankar og ynskjer med oss ved å sende oss ein e-post på voss@nr1fitness.no

Vi håpar endringane som vil bli gjort på senteret i tida framover vil falla i smak, og vi håpar du vil trivast som medlem hos oss!

Dersom du har spørsmål som ikkje blir besvart i informasjonen over, er du hjartleg velkomen til å ta kontakt med oss på voss@nr1fitness.no

Mvh
Nr1 Fitness Norge og Nr1 Fitness Voss
v/daglig leder, Rønnaug Nedkvitne

Nr1 Fitness Voss + Mosjonsgutane